Ny vitenskapelig artikkel fra case om mennesker med rusproblemer

Tittel:

How People with Lived Experiences of Substance Use Understand and Experience User Involvement in Substance Use Care: A Synthesis of Qualitative Studies 

Forfattere:

Lillian Bruland Selseng, Brit-Marie Follevåg og Håvard Aaslund


Omtale:

Det er behov for meir kunnskap om korleis personar med rusutfordringar sjølv forstår og erfarer brukarmedverknad. Vi har derfor gjennomført ein systematisk kunnskapsoppsummering der vi identifiserte og reanalyserte eksisterande studiar som undersøkte korleis personar med rusbrukserfaring forstod brukarmedverknad og kva dei erfarte som nøkkelpraksisar for å oppnår brukarmedverknad. Det systematiske søket av 11 databasar gav 2065 treff der 12 artiklar innfridde inklusjonskriteria. Analysen av dei inkluderte artiklane viste tre ulike forståingar av brukarmedverknad; brukarmedverknad som felles meiningsskaping, som synspunkt representert og som bruker-representasjon i velferdstenestene. Identifiserte nøkkelpraksisar for å oppnå brukarmedverknad var å sjå brukaren av velferdstenestene som eit unik subjekt, kvaliteten av samhandingsprosessen mellom tenesteytar og bruker og at det var handlingsrom for både tenestemottakar og for tenesteytar.

Kunnskapsoppsummeringa poengterer det mangetydige i omgrepet brukarmedverknad og betydninga av å inkludere tenestemottakaren sitt perspektiv når brukarmedverknad blir definert. Analysen av nøkkelpraksisar framhevar verdien at relasjonelle prosessar og kontekstuelle dimensjoner når brukarmedverknad skal utviklast.