Oppdatering frå case om brukarmedverknad for menneske med rusproblem. Desember 2021.
Arbeidet i forskingssirkelen som arbeider med å utvikle kunnskap om moglegheiter og barrierar for brukarmedverknad for personar med rusproblem vart avslutta februar 2021.
Kunnskapsdelinga og diskusjonane i forskingssirkelen har omhandla kva som hemmar og fremmar høve til medverknad for personar med rusproblem. Sentrale tema vi har diskutert ha vore;
a) Eigenskapar ved brukar og hjelpar (kompetanse, haldningar, ferdigheiter)
b) Samhandlinga mellom hjelpar og brukar (kommunikasjon, språk, tilgjenge)
c) Institusjonelle rammer og strukturelle vilkår (tilgang til tenester, økonomiske ressursar, samarbeid med andre, dokumentasjonskrav..)
d) Brukarmedverknad på systemnivå (erfaringskonsulentar, brukarråd, representasjonsutfordringar..)
e) Dilemma ved brukarmedverknad på rusfeltet
Vi har deretter sett i gang tiltak med eit felles overordna mål om å arbeide saman for godt rusfagleg arbeid. Arbeidet vårt har blitt delt opp i to delmål med ulike tiltak;
Delmål 1: auka kompetanse om kva brukarmedverknad er og korleis ein gjer brukarmedverknad i praktisk profesjonsutøving
Tiltak A: kartlegge og ev. utvikla rettleiingstilbod til profesjonsutøvarar på rusfeltet i regionen der også personar med brukarerfaring er med.
Tiltak B: kartlegge og ev. utvikle arenaer for dialog om brukarmedverknad mellom politikarar, leiarar, forskarar, praktikarar og brukarar.
Tiltak C: kartlegge og ev. utvikle undervisningstilbod om brukarmedverknad
Tiltak D: gjennomføre ein studie av brukarmedverknaden sine blinde flekker
Delmål 2: auke kompetanse og systematikken ved brukarmedverknad på systemnivå
Tiltak E: kartlegge og ev. utvikle kunnskapstilbod om bruk av erfaringskonsulentar
E1: kartlegge erfaringar ved bruk av erfaringskonsulentar
E2: ev. utvikle retningslinjer/tips/kurs om bruk av erfaringskonsulentar
Tiltak F: bidra med auka bevisstheit om breidda i gruppa personar med rusutfordringar
Som ledd i tiltak C om å kartlegge og ev. utvikle undervisningstilbod om brukarmedverknad har vi saman utvikla og prøvt ut to nye undervisningstilbod for studentar på bachelor i sosialt arbeid ved Høgskulen på Vestlandet. Det eine undervisningstilbodet hadde fokus på brukarmedverknad på individnivå, medan det andre omhandla brukarmedverknad på systemnivå.
Som del av arbeidet vårt har vi også gjennomført ein systematisk kunnskapsoppsummering der vi identifiserte og reanalyserte eksisterande studiar som undersøkte korleis personar med rusbrukserfaring forstod brukarmedverknad og kva dei erfarte som nøkkelpraksisar for å oppnår brukarmedverknad. Resultatet av dette arbeidet er publisert i vitskapleg artikkel september 2021:
Selseng, L. B., Follevåg, B. M., & Aaslund, H. (2021). How people with lived experiences of substance use understand and experience user involvement in substance use care: A synthesis of qualitative studies. International Journal of Environmental Research and Public Health, 18(19), 10219. https://doi.org/10.3390/xxxxx