Oppdatering frå case studie 3A, brukarmedverknad for menneske med rusproblem

Arbeidet i forskingssirkelen som arbeider med å utvikle kunnskap om moglegheiter og barrierar for brukarmedverknad for personar med rusproblem er no over i aksjonsfasen. Basert på utforsking, erfaringsdelings og felles diskusjonar om barrierar og mogelegheiter for medverknad i møte med kommunale velferdstenester har vi valt ut nokre forbetringstiltak som gruppa no jobbar aktivt med. Vi arbeider både med forbetringstiltak som rettar seg mot utdanning og tiltak som rettar seg mot praksis, og tiltaka rettar seg både mot individuell og kollektiv medverknad.

Gruppa har identifisert to delmål for forbetringsarbeidet.

 

1.           Det første målet rettar seg mot å auke kompetansen om kva brukarmedverknad er og korleis ein gjer brukarmedverknad i praktisk profesjonsutøving.

Arbeidet i forskingssirkelen har gjort synleg at samstundes som brukarmedverknad er eit velkjent omgrep som ein har høyrt og lest mange gongar, er innhaldet i omgrepet mangetydig og flytande. Medan brukarmedverknad er noko det er lett å vere einig om på eit overordna nivå er det svært mykje meir komplekst i konkrete praksissituasjonar der hindringar og dilemma er meir til stades. Arbeidet i forskingssirkelen har vist at det er behov for auka medvit og kunnskap om kva konkret brukarmedverknad er, og behov for meir kunnskap og støtte på korleis ein gjere god brukarmedverknad i konkrete praktiske situasjonar.

 

For å nå dette målet arbeider vi med fylgjande tiltak;

·       kartlegge arenaer for rettleiing og eventuelt utvikla rettleiingstilbod til profesjonsutøvarar på rusfeltet i regionen.

·        kartlegge arenaer for dialog og eventuelt utvikle arenaer for dialog om brukarmedverknad mellom politikarar, leiarar, forskarar, praktikarar og brukarar.

·       kartlegge og eventuelt utvikle undervisningstilbod om brukarmedverknad i praksis.

·       Gjennomføre ein studie av brukarmedverknad sine blinde flekkar.

 

2.           Det andre delmålet handlar om å auke kompetanse og systematikk ved brukarmedverknad på systemnivå med eit spesifikt fokus på bruk av erfaringskonsulentar.

Bruk av erfaringskonsulentar på rusfeltet har auka siste åra og denne ordninga har mange moglegheiter med seg for å auke vilkåra for brukarmedverknad for personar med rusproblem i møte med hjelpeapparatet. Samstundes viser arbeidet i forskingssirkelen at rolla er uklar og at det er behov for betre avklaring av forventingar, formål og funksjon. For å medverke til ein betre bevisstheit og systematikk i bruken av erfaringskonsulentar arbeider vi med fylgjande tiltak;

·       kartlegge forventingar til og erfaringar med bruk av erfaringskonsulentar

·       arrangere dialogkonferansar/møter med sentrale samarbeidspartar om bruk av erfaringskonsulentar

 

14. sep. 2020