Oppdatering frå casestudie og barn som veks opp i familiar med låg inntekt. Desember 2021.
Brukarmedverknad
for barn og unge som veks opp i familiar med låg inntekt og som får tenester
frå både barnevernet og NAV
Arbeidet i forskingssirkelen er no avslutta og her kjem ei oppsummering av arbeidsprosessen og kva resultat vi kan vise til frå arbeidet.
Vi har hatt totalt 12 møte og arbeidet i forskingssirkelen vart formelt avslutta med eit sluttseminar 16.juni 2021 der me oppsummerte dei ulike fasane prosjektperioden. Det har vore ei spennande reise og me håpar å sjå ringverknader av prosjektet både i praksis- og utdanningsfelt.
I første fase av arbeidsprosessen brukte vi tid på å dele erfaringar i gruppa med kva mogelegheiter og hindringar som finst for medverknad når familiar treng hjelp frå både barnevernet og NAV. Det har vore veldig nyttig og fruktbart å møtes på denne måten. Både ungdom, foreldre, tilsette i NAV og barnevernstenesta, samt me som forskarar kan melde tilbake om ein fruktbar og spennande prosess. Gjennom jamlege dialogar i møta har me klart å utvikle ei felles forståing for utfordringar og mogelege løysingar. Det blir i slike møte tydeleg at erfaringsbakgrunn spelar ei viktig rolle for opplevinga og forståingar av brukarmedverknad, samstundes som innsikt i andre sine erfaringar bidreg til å utvide eins eigne forståingar på ein positiv måte.
Det var spesielt to overordna utfordringar me identifiserte som barrierar for medverknad, og som med vart samde om at skulle danne grunnlaget for å utvikle aksjonar for praksisendring i tenestene og i utdanningane. Dette var:
- NAV og barnevernets manglande kunnskap om kvarandre og lite systematisk samarbeid mellom tenestene. Dette bidreg til at barn og familiar opplever lite koordinert hjelp og endar fort opp som kasteballar mellom systema.
- Økonomi og levekår blir sjeldan tematisert i møte med barn og familiar i barnevernet, og NAV snakkar i liten grad med barn når dei kartlegg hjelpebehov i møte med sine klientar. Det er for lite kunnskap i tenestene om korleis økonomi og levekår kan tematiserast i møte og kva rolle levekår spelar for problema som barn og deira familiar opplever.
Me hadde idémyldring på kva som kunne vere mogelege aksjonar. Av fleire gode idear, valde me å satse på desse:
1. Arrangere felles fagdag for alle tilsette i NAV og barnevernet med fokus på korleis jobbe med desse utfordringane
2. Lage undervisningsopplegg for barnevernpedagog- og sosionomutdanninga som kan bidra til auka kompetanse om medverknad for denne brukargruppa
3. Lage forpliktande samarbeidsavtale
mellom NAV og barnevernet som sikrar barns medverknad
Ei kort oppsummering av aksjonsarbeidet:
1. Me gjennomførte felles fagdag for alle tilsette i barnevernet og NAV 30.april 2021. På grunn av koronasituasjonen måtte dagen gjennomførast digitalt. Om lag 80 personar frå begge tenestene deltok, inkluderte leiarane for dei to tenestene. Dagen inneheld fleire flotte innlegg. Kirkens bymisjon starta med å presentere sitt arbeid med rapporten Barn som lever med fattigdom. Deretter delte Kompetanseteam Levekår i Drammen kommune deira erfaringar med korleis dei har jobba med koordinering av hjelp til familiar med dårlege levekår, og korleis dei har utvikla gode system for barns medverknad i dette arbeidet. Me fekk også ei orientering frå Utekontakten i prosjektkommunen om kva som finst av tilbod om aktivitetar og utstyr som barnevernet og NAV bør ha kjennskap til. Dagen vart avslutta med ein presentasjon av arbeidet i forskingssirkelen. Den eine foreldrerepresentanten og deltakarane frå NAV og barnevernet fortalde om sine erfaringar med å delta i forskingssirkelen og deira ønske og forventningar til endring i kommunen sitt arbeid med familiar som slit med dårleg økonomi. Det vart ein flott dag- og det er ei forventning om at kommunen gjennomfører liknande fellessamlingar på jamleg basis.
2. Me har gjennomført eit undervisningsopplegg på barnevernpedagogutdanninga som etter planen skal innarbeidast i den faste studieplanen. I dette undervisningsopplegget har me hatt fokus på korleis barnevernet kan og bør tematisere økonomi og levekår i sitt arbeid med barn og familiar og korleis ein kan få til gode samarbeidspraksisar med NAV. Undervisningsopplegget går over to dagar, der ein ungdomsrepresentant og ein foreldrerepresentant har delt sine erfaringar med studentane og studentane jobba med case som retta merksemda mot behovet for samarbeid mellom dei to tenestene.
I tillegg har me hatt eit undervisningsopplegg på bachelor i sosial
arbeid om kollektiv medverknad. Fokus i dette undervisningsopplegget retta seg
mot brukarmedverknad på systemnivå. Studentane gjennomførte ei kartlegging av
kollektiv brukarmedverknad i tenestetilbodet for dei fem brukargruppene i CHAPAR-prosjektet,
og presenterte resultata for kvarandre om kva mogelegheiter og hindringar som
finst for kollektiv brukarmedverknad her.
3. Forskingssirkelen har utforma ein rettleiar for gode medverknadspraksisar for barn og unge som me håpar kan danne grunnlaget for ein forpliktande samarbeidsavtale mellom barnevernet og NAV i prosjektkommunen. Denne bygger på kunnskapen som me har utvikla i forskingssirkelen om kva som må til for å sikre eit godt samarbeid mellom tenestene og korleis hjelpa kan koordinerast for å sikre at barnets stemme blir høyrt og får betydning i praksis. Me håpar at det kjem på plass ein forpliktande samarbeidsavtale mellom tenestene i løpet av 2022.