Oppdatering fra case studie om barn som vokser opp i familier med lav inntekt
Arbeidet
i forskingssirkelen er no over i aksjonsfasen, og gruppa jobbar med å utvikle
fleire aksjonar og forbetringstiltak i praksis og utdanning som kan bidra til
auka medverknad for barn som veks opp i familiar med låg inntekt og som får
hjelp frå både barnevernet og NAV. Erfaringsdelingsdeling og utforsking blant
deltakarane i gruppa i første fase av arbeidsprosessen om barrierar og
mogelegheiter for medverknad dannar grunnlaget for desse forbetringstiltaka.
Gruppa har identifisert to delmål for forbetringsarbeidet.
1. Det første knyter seg til utfordringar på systemnivå, og handlar om rutinar og praksis for samarbeid mellom NAV og barnevernet i arbeid med familiar som har behov for begge tenestene. Både NAV og barnevernet fortel at dei manglar eit system som fungerer godt for eit slikt samarbeid, og foreldra fortel at dei opplever det som krevjande og belastande å forholde seg til begge tenestene når desse to ikkje er koordinert som eit felles system. Manglande samarbeid aukar også faren for at det utviklar seg kampar om definisjonsmakt mellom tenestene og foreldre i staden for å ha fokus på barna sine behov. For å betre slikt samarbeid skal me gjennom hausten setje i verk tre ulike tiltak. Det eine er å arrangere ein felles fagdag for dei tilsette i NAV og barnevernet. Det andre er å lage ein forpliktande samarbeidsavtale mellom barnevernet og NAV som sikrar barns medverknad. Det tredje er å utvikle eit felles undervisningsopplegg for bachelor i barnevern og sosialt arbeid ved HVL der ein har fokus på godt samarbeid og barns medverknad.
2. Det andre delmålet knyter seg til utfordringar på både individ- og systemnivå, og handlar om at dårleg økonomi er tabubelagt i samfunnet. Innafor institusjonar som barnevernet og NAV kjem dette til uttrykk på det interpersonlege planet ved at dei tilsette i NAV eller barnevernet i liten grad snakkar med barn om det å ha dårleg økonomi. Foreldre og barn fortel også at dei opplever skam over å ikkje ha råd til det same som alle andre, og at denne skamma aukar ved at dette ikkje blir tematisert i møte med hjelpeapparatet. For å redusere skam og tabu knytt til det å ha dårleg økonomi skal me gjennom hausten setje i verk to tiltak. Det eine er å arrangere ein temadag om fattigdom i vidaregåande skule. Det andre er å kartlegge og utvikle kompetanse i NAV og barnevernet til å snakke om økonomi og levekår i møte med barn og deira familiar.