Oppdatering fra ph.d.-prosjektet «Sosiomaterielle vilkår for tenesteyting og deltaking i NAV»
I
prosjektet har eg saman med rettleiarane avgjort fleire detaljar, og to
NAV-kontor har sagt ja til å delta framover. Det er fint at NAV er villige til
å nytta arbeidstida si, og hjelpa med rekruttering av deltakarar blant tilsette
og blant brukarar med rusutfordringar.
Saman med hovudrettleiar Tone Jørgensen har eg møtt leiinga ved desse to NAV-kontora, og etablert god dialog om plan vidare. Samstundes har eg gjort tre test-intervju, som òg har gjeve interessante lærdommar. Nyleg vart eg teken opp til forskarskulen Muni-Health-Care og gjennomførte første samling i Lillestrøm i veke 37. Denne hausten startar feltarbeidet, og planen er å ta tre kurs ved sidan av intervju og anna datasamling. Koronasituasjonen påverkar prosjektet, men me vil vera tilpassings- og løysingsdyktige.