Barn som veks opp i familiar med låg inntekt og som får tenester frå barnevernet og NAV

Høgskolelektor
Høgskolen på Vestlandet

Førsteamanuensis
Høgskolen på Vestlandet

Statusoppdateringer:

Case 5 rettar fokus mot vilkåra for medverknad for barn i barnevernet som veks opp i familar med låg inntekt og som får tenester frå NAV. Forskingsspørsmålet er: Kva hemmar og fremjar høve til medverknad for desse barna?

 

Bakgrunnen for forskingsprosjektet er at det er eit gap mellom offentlege målsetjingar om barns rett til medverknad i barnevernet og NAV og korleis medverknad blir gjennomført i praksis. Internasjonale studie viser mellom anna at det ofte er ulike oppfatningar mellom barnet og den tilsette i barnevernet om kor mykje medverknad som er tenleg. Medan barn oftast ønsker medverknad, kan barnevernet vurdere at barnet er for sårbart for medverknad (Bijleveld mfl, 2015). Vidare viser studie frå Noreg at NAV i liten grad snakkar direkte med barn når foreldre søker om økonomisk sosialhjelp, noko som kan bidra til å hemme barns rett til medverknad.  (Kane, Neverdal og Stenberg, 2018). Ansvaret for barns oppvekst er i dag spreidd på ulike lover og fører til at det blir uklart kva teneste som er ansvarleg for barn og unge som veks opp i familiar med låg inntekt, og desse barna risikerer å falle mellom to stolar (Tunestveit, 2013, Kojan 2011. Kan mfl., 2018). For å betre nå måla om medverknad for barn i familiar med låg inntekt er det sentralt å få kunnskap om kvifor det er så vanskeleg å få til, kva som opnar for medverknad og korleis tenester som barnevernet og NAV kan utvikle samarbeidspraksisar som fremjar auka medverknad for desse barna. Gjennom samarbeid i ein forskingssirkel der barn og unge og foreldre med brukarerfaring, praksisfelt, utdanningsfelt og forskarar deltek, ønsker vi med dette forskingsprosjektet å utvikle kunnskap om mogelegheiter og barrierar for barns medverknad i praksis og i utdanningar.  


Forskingssirkelen vil vare over 18 månader med start hausten 2019. Ved hjelp av dialog og deling av kunnskap og erfaringar mellom deltakarane vert det i første fase utforska korleis brukarmedverknad vert forstått, erfart og praktisert. På bakgrunn av arbeidet i første fase vil deltakarane i fase to utvikle og prøve ut modellar som fremjar brukarmedverknad, der samarbeidspraksisar mellom barnevern og NAV vil stå i fokus. Parallelt vil det bli utvikla eit undervisningsopplegg for ulike bachelorprogram i sosialt arbeid og barnevern og for eit masteremne i brukarmedverknad. Den tredje fasen handlar om å evaluere modellar og undervisningsopplegg som er utvikla og prøvd ut.