Brukarmedverknad for menneske med rusproblem

Case 3A rettar fokus mot vilkåra for medverknad i møte med kommunale velferdstenester for personar med rusproblem. Forskingsspørsmålet som vert undersøkt er: Kva hemmar og fremmar høve til medverknad for personer med rusproblem?

Bakgrunnen for forskingsprosjektet er at det er gap mellom offentlege målsetjingar om brukarmedverknad på rusfeltet og korleis brukarmedverknad vert gjennomført i praksis. Tidligare internasjonale studie viser at personar med rusproblem sine eigne oppfatningar om behov i svært liten grad er inkludert når personar med rusproblem sine behov vert diskutert (Hyshka et. al. 2017). Vidare at positive haldningar til brukarmedverknad hjå tilsette og brukarar, klare forventingar og kommunikasjonslinjer fremmer brukarmedverknad medan maktskilnadar, manglande tru på brukarane sine kompetanse, manglande informasjon om høve til å medverke og manglande representasjon av breidda i brukargrupper hemmar brukarmedverknad (Goodhew & Dawson, 2018).

For å betre nå mål om brukardeltaking i rusarbeidet er det sentralt å få meir kunnskap om kvifor medverknad er så vanskeleg å få til, kva som opnar for brukarmedverknad og å utvikle nye praksisar for medverknad. Gjennom samarbeid i ein forskingssirkel mellom personar brukarerfaring, praksisfelt, utdanningsfelt og forskarar ønskjer vi med dette forskingsprosjektet å utvikle kunnskap om moglegheiter og barrierar for brukarmedverknad. Gjennom ny kunnskap vil vi utvikle og prøve ut modellar for brukarmedverknad i praksis og i utdanningar.  

Deltakarane i forskingssirkelen skal ha ulik erfaringsbakgrunn. I tillegg til to frå Høgskulen på Vestlandet vil det delta fire personer som har erfaring med problematisk rusmiddelbruk og fire personar frå hjelpeapparatet som jobbar med rusproblematikk.


Forskingssirkelen vil vare over 1 ½ år med start våren 2019. Ved hjelp av dialog og deling av kunnskap og erfaring mellom forskarar, høgskuletilsette, praktikarar og brukarar vert det i første fase utforska korleis brukardeltaking vert forstått, erfart og praktisert. Forskarane vil ha ansvar for å gjennomføre ein systematisk litteraturgjennomgang og å presentere funn frå denne i gruppa. På bakgrunn av arbeidet gjennomført i første fase vil deltakarane i fase to utvikle og prøve ut modellar for å betre moglegheiter for brukarmedverknad. Eit viktig premiss er at modellane skal bygge på deltakarane sine ønsker og behov. Deltakarane vil a) utvikle modellar for forbetring av brukarmedverknad i velferdstenester  og b) utvikle undervisningsopplegg for ulike bachelorprogram i sosialt arbeid, vernepleie og barnevernspedagogikk og for eit masteremne i brukarmedverknad. Den tredje fasen består i evaluere dei modellane og undervisningsopplegga som er utvikla og prøvd ut. I tillegg vil deltakarane basert på kunnskapsoppsummeringa og på erfaringar i prosjektet analysere vidare moglegheiter og hindringar for brukardeltaking. 

Statusoppdatering:
September 2020

Februar 2020

Førsteamanuensis
Høgskolen på Vestlandet
Stipendiat
OsloMet

Britt Marie Follevåg

Høgskolelektor
Høgskolen på Vestlandet