Sosiomaterielle vilkår for tenesteyting og deltaking i NAV

Stipendiat
Høgskolen på Vestlandet

Status februar 2020

Prosjektskildringa, informasjonsskriva og intervjuguidane er etter fleire omarbeidingar nær klare for innsending til Norsk senter for forskingsdata (NSD). Etter eit skriveseminar med forskingsgruppa Oppvekst, rus og sosial marginalisering ved HVL, bestemte eg meg for å snevra inn prosjektet til å konsentrera seg om personar med oppfølging for rusproblem frå NAV. Soleis er det desse og NAV-rettleiarar som er deltakarane i forskinga. Sidan oppstart i juni 2019, vart eg teken opp på ph.d.-programmet for Helse, funksjon og deltaking i august, tok første ph.d.-kurs og eit kurs i GIS (geografiske informasjonssystem/geografisk informasjonsvitskap) ved OsloMet. No følgjer eg kurset Kontekstuelle betingelser for helse, funksjon og deltakelse, og er i gong med ein vitskapleg artikkel som skal leverast inn som eksamen 2. mars.
              Vidare vil prosjektet finna stad i to kommunar med ulik kontekst og NAV-kontor. Plan er å setja i gong so snart NAV gjev løyve til dette. NAV vil først få lesa informasjonsskrivet til liks med brukar og pårørandeorganisasjonane, som eg planlegg å kontakta for å rekruttera deltakarar frå brukargruppa til NAV. I desse dagar har eg gjennomført pilotintervju, noko som gjev god trening i å utforska sentrale tema for stipendiatprosjektet. Det er ein kunst å lata samtalane bli ei reise heller enn gullgraving, som hovudrettleiaren min, Tone Jørgensen, presiserte. Sjølv om prosjektet ikkje er i gong med datasamling og har skapt empiri slik sett, meiner eg det er viktig å nytta god tid for at utforminga vert solid og gjennomførbar.

Prosjektbeskrivelse

For å møta krava og behova til sårbare brukarar av helse- og velferdstenester i framtida, er det naudsynt med meir kunnskap om styrker og veikskapar ved deltakingspraksisar. Det er eit gap mellom måla og ambisjonane om brukarmedverknad i offentlege dokument, og den meir kompliserte og samansette erfaringa referert til i rapportar og forsking. Tenestetilbydarane kan til dømes verta meir merksame og sensitive overfor stadane der tenestene blir gjevne eller utførte. Det er forska vesentleg mindre på rusfeltet enn på psykisk helsearbeid. Effektiv deltaking betrar resultata for brukarar. Difor kan rusoppfølging og korleis brukarar med rusutfordringar blir følgde opp i NAV, vera eit interessant utgangspunkt å utforska. Fleire kunnskapsoppsummeringar peiker på at det trengst meir forsking på kva som fremjar og hemmar brukarmedverknad. I Noreg er NAV ein stor og viktig institusjon der deltaking er sentralt. Difor vil eg samla og skapa empiri med NAV som utgangspunkt. Å skapa kunnskap om relasjonsbygging og deltaking i NAV, er målet med denne studien. Føremålet med ph.d.-prosjektet (2019-2023) er utvikling av deltakingspraksisar, som involverer brukarar og praktikarar.
            Ph.d.-prosjektet er ein sjølvstendig del av CHAPAR. Eg skal utforska sosiomaterielle aspekt ved kva som fremjar og avgrensar deltaking for utsette brukarar.. Informantane skal eg rekruttera frå to NAV-kontor med ulikstorleik, for å kunna samanlikna to unike kontekstar. Prosjektet omfattar både brukarar og deira rettleiarar i NAV. Vaksne med utfordringar knytt til rus er gruppa i fokus for desse forskingsspørsmåla:


1. Korleis verkar den sosiomaterielle strukturen i NAV inn på deltakingspraksisar for menneske med rusproblem?

2. Korleis verkar sosiomaterialitet inn på relasjonane mellom dei profesjonelle og brukarane av NAV?


Eit teoretisk utgangspunkt er at kulturelle mønster er forankra i materielle strukturar. Omgrepet sosiomaterialitet omfattar fysiske arenaer, altso stadar der relasjonar tek form og deltaking går føre seg. Sosiomaterialitet er arkitektur, bygningar, interiør og kunstnarisk utsmykking. Utforminga av lokale miljø, byrom og rurale omgjevnader, og transportmidlar, er alle deler av den sosiomaterielle røynda. Eg vil kartleggja og analysera materielle råmer og praksisar kring informasjon- og kommunikasjonsteknologi, bygningar, interiør og vegar sett saman med det sosiale . Metodane for å skapa empiri vil ta utgangspunkt i «the Mosaic approach». Ei kvar handling og eitkvart fenomen finn stad i materielle omgjevnader og sosiale samanhengar. «Mosaic approach» er godt egna for å grundig kunna lytta og observera deltakingspraksisar og opplevingar av deltaking. «Mosaic approach» omfattar tre fasar med sine respektive steg. Mi tilpassing av tilnærminga til denne brukargruppa og NAV, medfører at nokre steg vert omarbeidde og nokre steg vert tekne vekk. Forteljingar om korleis tinga kring oss vert brukte, og korleis brukarane subjektivt erfarer tinga og strukturane, skal vera grunnlaget for narrative analysar. Eit resultat av prosjektet blir ny innsikt om kva potensiale for endring som finst, og korleis slik innsikt kan skapa rom for endring.


Mennesker med rusproblematikk og bostedsløshet

Stipendiat
OsloMet

Studien har som mål å utvikle kunnskap om muligheter og begrensninger for kollektiv medvirkning for mennesker som har erfaringer med problematiske forhold til rusmidler og bostedsløshet. Tidligere studier som har sett på «brukerstyring» i boligsosialt arbeid har vist at det er utfordrende å kartlegge hva deltakerne faktisk har hatt innflytelse på, og hvilke forståelser som ligger bak begrepet medvirkning i denne sammenhengen (Ausland 2010, Eriksen 2017). Mennesker som er vanskeligstilt på boligmarkedet har som gruppe få av ressursene som vanligvis assosieres med sosial mobilisering og kollektive handlinger (Diani 2001), samtidig som utfordringer med å skaffe seg bolig ofte forklares med individuelle tilkortkommenheter (Loehwing 2010, Teixeira 2017).

 

I den nasjonale strategien Bolig for velferd understrekes brukermedvirkning som en sentral verdi i arbeidet med vanskeligstilte på boligmarkedet og bostedsløse, Bostedsløshet blant mennesker som flytter ut av behandling eller fengsel er vanlig (Dyb 2016), og gjeldende botilbud preges av stigma og mangel på «brobyggende» sosial kapital (Vassenden, Bergsgard & Lie, 2012), og institusjonslignende tilbud (Dyb, 2017) Det er få studier som har sett på innholdet i brukermedvirkning på det boligsosiale feltet, og behov for å undersøke mulighetsrommet og begrensningene.

Studien gjennomføres som en deltakende aksjonsforskningsstudie i samarbeid med praktikere og vanskeligstilte på boligmarkedet. Gjennom å følge en prosess fra idé til mobilisering og gjennomføring over tid, der målet er å skape høy demokratisk deltakelse i prosjektet, boforhold og arbeid, gis mulighet til å studere konkrete muligheter og begrensinger for innovativt og ambisiøst medvirkningsarbeid.

Data samles inn gjennom deltakende observasjon, fokusgrupper og intervjuer underveis, og analyseres i samarbeid med deltakerne for å finne nye løsninger. På denne måten utforskes utfordringer på individuelt og kollektivt nivå når det framtrer, samtidig som strukturer for demokratisk styring og medbestemmelse utarbeides og evalueres. Hovedspørsmålet dreier seg om hvorvidt det er mulig å utvide handlingsrommet for kollektiv medvirkning og sosial mobilisering blant mennesker med et problematisk forhold til rusmidler.

Betydningen av medvirkning for sårbare grupper

Stipendiat
VID vitenskapelig høgskole